MASKERADE – Smykke, heil maske, u/ emalje
- Email A friend
- Google Plus

Materiale:
925 sølv
Kjede: 50 cm
Eit stort smykke i maskeradeserien, som passer like godt til menn som til kvinner. Her kan du ane konturen av eit heilt menneskeansikt, og er i sølv, gullforgylt og svart variant.
kr 1 680,00 – kr 1 960,00
Om kolleksjonen
Desse smykka spring ut av ein fasinasjon for historie og gamle portrett. Ved å studere gamalt bunadssylv kom eg over dei såkalla Glibbsyljene, - syljer som har masker som dekor. På same måte som maskene på gamalt bunadssylv er smykka laga tredimensjonale slik at dei ser ut som eit ansikt som kjem opp under eit slør og skaper ein spøkelsesaktig illusjon.
Eit menneskeansikt triggar så uendeleg mange følelsar i oss. Alt frå frykt til noko trygt og godt. Kva du ser i maskene er opp til deg.
Tilleggsinformasjon
Farge | Svart, Sølv, Gullforgylt |
---|---|
Størrelse | 50 cm |