Toppmeny

ANALOG HANDVERKAR, DIGITAL SMYKKEBUTIKK

By Linn Sigrid Bratland

Posted in ,

Sidan 1998 har eg jobba med smykke. Med små musesteg har eg bygd meg opp ein verkstad og eit levebrød av det eg elskar å arbeide med: Gamle handverksteknikkar, historie, tradisjon, sylv, emalje og tema henta frå staden eg er så knytt til – Vinje.

No hadde eg veldig lyst til å dele det med enno fleire! Difor lanserar eg i desse dagar ny nettbutikk, også med eit lite innblikk i prosessen bak smykka.

Eg har hatt nokre nettsider før, og visste godt at dette ikkje er noko ein gjer over natta – men eg visste også at om eg skulle gjera det ei gong til, då skulle det gjerast skikkeleg.

Difor fekk eg med meg eit profesjonelt merkevarebyrå. Siri Marte Apneseth og Carina Åkredalen i Norbrand har hatt regien på det heile, og utgjer ein duo som utfyller kvarandre perfekt.

Frå analog til digital

Carina er den supersmarte, verdsvante og litt nerdete, som kan fikse absolutt alt. Frå engelske tekstar og grafiske oppsett, til programmering og anna slikt som ein analog type som meg ikkje skjønar noko av.

Siri Marte er den sosiale, utadvendte menneskekjennaren, som kan få ein dyslektisk handverkar med skrivesperre til å forfatte lange avhandlingar om alt det som eigentleg ligg ein på hjartet.

Uttrykksfulle bilete

Men tekst er berre ein liten del av det heile. For når ein skal presentere smykke på nett, er gode bilete kanskje det aller viktigaste. Og til dette hadde eg veldig lyst til å bruke Aliona Pazdniakova. Aliona er ein fotograf som no er busett i Oslo, men som eg blei kjent med då ho studerte på Rauland, der eg også har utdanninga mi frå. Ho har publikasjonar bak seg i alt frå Vogue til Fashion fesjå, og har eit eksepsjonelt blikk for detaljar og konsept. På særeige, kunstnarleg vis finn ho motiv som gjev uttrykksfulle bilete, og som er enkle og reine i forma. Dette er kvalitetar eg verdset høgt, som eg også strekker meg etter i min eigen smykkeproduksjon.

Stemningsskaparen

Til å fange litt av stemninga og realiteten på verkstaden, ville eg bruke Morten Bjerk – ein heilt annan type fotograf, som eg syns er suveren når det kjem til å få fram litt av det komplekse og særeigne ved ein kvar person eller situasjon.

Dramatikken

Når det kjem til naturen her i Vinje, som spelar ei slik stor rolle i kvardagen for meg, er det etter mi meining ingen som formidlar det litt rå og dramatiske like godt som Ingolf Endresen. Så alle naturbileta du finn på desse sidene, er det han som har tatt.

Etter å ha koka alt dette i hop, er sida mi endeleg klar for lansering… Mitt eige virtuelle univers.

Share this story

btt