Toppmeny

Samarbeid med kontinental schwung

By Linn Sigrid Bratland

Posted in

Marianne Jemtegård, Eder Zinho Alves og meg! Litt om når den kontinentale moteverda kom til min vesle verkstad

 

Noko av det eg likar aller mest med jobben min er å treffe så mange fine folk! Under Oslo Design Fair i 2017 fekk eg besøk av to spennande typar på standen min, som det viste seg at det skulle bli eit fruktbart samarbeid ut av. Med sine tusenar på tusenar av følgere i sosiale medium og tallause tv-framsyningar veit kanskje fleire av dykk allereie kven desse to er, men det gjorde altså ikkje eg. Eg er jo ein smykkenerd og må innrømme at eg veit ikkje så mykje om det som går føre seg utanfor smykkebransjen. Så for dykk som er like nerdete som meg, her er ein liten innføring:  Marianne Jemtegård er motejournalist og DJ, som m.a. har faste spalter på God Morgen Norge på tv2 og elles bloggar og reiser rundt som DJ og modell i heile verden. Eder Zinho Alves er hennar franske kjæraste som har jobba som designar i New York og Paris mellom anna knytt til ingen ringare enn Valentino Garmani. Trass i at me slik sett kjem frå to ulike verder fant me tonen og dei foreslo eit samarbeid.

 

Eg elskar kontraster, enten det gjeld farger former eller folk. Og kva er vel ikkje meir kontrastfylt enn Zinhos erfaring frå moteindustrien i Paris og min bakgrunn frå tradisjonskunst i Vinje? Så slik blei det at denne hausten fekk eg lage smykke som eg aldri hadde kome opp med sjølv, med ein stilsikker og ekstravagant look. Her er det verkeleg internasjonal schwung på sakene! Og veldig gøy og lærerikt å sjå korleis dei jobbar med produktutvikling! I hovudsak var det slik at Zinho teikna ein smykkekoleksjon inspirert av sin kjære Marianne og eg sat meg ned og laga den. Saman blei me einige om dei beste materialvalet og tekniske løysingane og endeleg er kolleksjonen klar for deg.

Så eit litt kontinentalt blikk på den sterke, moderne og sofistikerte nordiske dama, som Zinho så fint kallar det. Kven vil vel ikkje like å sjå seg sjølv i den beskrivinga!?

 

Eller som det så fint har vore skildra på engelsk:

 

The Collaboration

A creative meeting of minds between Norwegian goldsmith Linn Sigrid Bratland and French fashion designer Eder Zinho Alves. A shared vision of a collection for the modern, sophisticated woman with a raw warrior heart. Inspired by the muse Marianne Jemtegård. This is Marianne J – the collection.

 

Marianne J Collection

Sharp edges and cool contrasts, created with the finest sterling silver, gold and enamel. Handmade piece by piece using old artisanal traditions in the atelier of Linn Sigrid Bratland, ensuring only the finest quality. A collection embodying strength and sophistication, as unique and outstanding as the woman wearing it.

 

Share this story

btt