Toppmeny

MASKERADE FOR BÅDE KVINNER OG MENN!

By Linn Sigrid Bratland

Posted in | Tags : , , , , ,

MASKERADE

Denne smykkekolleksjonen har for meg mange lag, men har sit utspring i ein fascinasjon for historie, og for folk. 

Heilt sidan eg var liten har eg lika å drøyme meg bort i gamle portretter, og lage meg fantasier rundt personene på bilde, utifra ansiktsuttrykkene. Den gamle tradisjonen med å plassere ansikter på hus, instrument, sleder, draktsølv ol. har også lenge fascinert meg.

Min tante har ei gamal beltespenne, som er over 200 år gammel. Den høyrer til det som har vore kalla glibbesølv. Glibb betyr omlag det same som maske, og felles for denne typen sølv er at dei har menneskeliknende ansikter, som hoveddekor. Det er mange teorier rundt kva utspring og betydning denne tradisjonen har hatt, men det som er slåande er kor uttrykksfullt, universelt og tidlaust inntrykk ansiktet gjev.

Dette er grunnen til at eg ønska å lage samtidssmykker med utgangspunkt i same teknikk og materiale, men sette det inn i ein heilt annan setting, strippa for det tradisjonelle tilbehøret.

Med tanke på det faktum at me menneske lett oppfattar noko som eit menneskeansikt, ville eg lage maskene litt diffuse, for å skape rom for å la fantasien vandre, og lage sine eigne tolkninger, dette er også grunne til at eg ikkje ville ha rammer rundt ansiktene.

Maskene på den gamle spenna eg tok utgangspunkt i er siselerte, og eg ville gjerne videreføre dette med den plastiske følelsen denne teknikken gir. Ein kan nesten få inntrykk av at det er som eit stykke tøy som bare ligg over eit ansikt. For å forsterke det stofflige uttrykket ville eg også bruke sandblåst transparang emalje.

Planen var å siselere desse nye ansiktene også. Eg har siselert mykje, og tenkte dette skulle bli ein smal sak. Men fekk ikkje heilt fram det uttrykket eg var ute etter, og gjekk etterkvart difor over til å jobbe i voks. Eg bruka då i dental plate voks, slik at ein får det same inntrykket som av ein siselert utførsel, når modellen vert støypt.

Etterkvart som delene byrja å ta form gjekk det opp for meg at dette ville bli ein smykkeserie, som kunne funke like bra som herresmykke, og tenker meg smykkene som ein type unisex smykker. 

Share this story

btt