error Blomster og bier og alt me ikkje veit - Smykkedesign fra Linn Sigrid Bratland
Skip to main content
Tidløse smykker i sølv, gull og emalje, laga på et lite verksted i utkant Norge av håndverker Linn Sigrid Bratland

Blomster og bier og alt me ikkje veit

Dei små smykkene i serien Basis er ein direkte avstøyping av bienes voksceller som dei lager inni kuben. Det er Ivar Brendemo på Notodden som støyper dei for meg, og når eg får dei tilbake frå han lager eg smykker og øredobber av dei, gjerne også med emalje. Den transparente emaljen legg eg så tynt som mulig for at dei fine fasettene inni cellene skal få skinne gjennom, som eit minne om naturens geniale skaperkraft. Eit system som til tross ny teknologi og vitenskapens stadige nye forståelse av den, framleis overrasker og minner oss om kor lite me faktisk veit.

Menneskeskapte sekskanter finn arkeologer og etnologer i ulike varianter i så og sei alle kulturer og til alle tider, me kjenner kanskje davidstjerna best, men den er også bruka innan nyreligiøsitet og esoteriske tradisjoner. Me finn den innan middelaldersk kristen tradisjon og både indisk og islamsk tempelkunst. Som så mange ornament har dei i moderne tid i dei fleste samanhengar vore kobla til identitet. Jødisk identitet, okkult identitet, islamsk og budisktisk identitet. Sjølv om me ikkje kan vite sikkert kva desse ornamenta har betydd i ei tid og ein kultur me ikkje er ein del av, er det spennande å plukke vekk identitetsbegrepet og kjenne på kva det vekker av tankar og idear i kvar enkelt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *