Eg har arbeidd med sylv og emalje i grenselandet mellom kunst, design og handverk i over 20 år. Som handverker og gründer har lytta til gode råd frå mange fagfelt, men har landa på å eit fokus på verdien av å kunne skape verdi med veldig enkle midler. Dette inneber ein krevjande, men utruleg spennande balanse mellom idé, materielle realiteter, sosiale relasjonar, økonomi og idealisme. Eg meiner ein med god grunn kan seia at dette er kjernen i det å vera ein tradisjonell handverkar.
Å vera handverkar inneber å forstå både det store konsum- og produksjonssystemet me alle – anten me vil eller ei – er ein del av, og dei materielle avgrensingane: råvarene eg omformar og teknologien eg vel å bruke. Like viktig er det å forstå kven du som kunde er – dine ønsker, situasjonar, draumar og idear.
Det viktigaste for meg er ikkje å imponere, men å skape noko som gjev varig verdi utover det me kan reikne oss fram til eller måle i meritter.
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.